Hopp til hovedinnhold

Astrid Kvalbein

2000 - 2006

Det var Anton von Webern si skuld. Nærmare bestemt det lett hysteriske opus 18 for ess-klarinett, gitar og sopran. Poetiske små songar på sitt vis, men med halsbrekkende intervall og strukturar - for spesielt interesserte, må vi vel seie.

Då Torgrim (Sollid) hørte meg gjere dei songane på NMH seint på nittitalet, hørte han tydelegvis eitt eller anna som passa inn i Søyr. Og då eg lett undrande, men med friskt mot, etter ei stund var installert i bandet og fekk notar som «Lili», forstod eg at eit visst vokalt overmot i møte med tonalt elleville sprang, kom godt med. Og at eg og Guro (Gravem Johansen), som kom frå kvar var kant (klassisk og jazz) på musikkhøgskolen, med glede fann felles grunn der.

Elles var vel «gyngande grunn» meir den gjennomgåande kjensla i SØYR, for ein nyfiken, men trass alt klassisk skolert utøvar. Og i beste meining: her var det rom for å gynge (synge) med i nær sagt alle retningar, vegen blei til mens vi øvde, i platestudio («Alene hjemme») og på konsertar på scener i Oslo, turné i Østerdalen og ei vekes «residency» på ein jazzklubb i Amsterdam. Mellom anna.

Meir enn noko utfordra tida i Søyr meg til å finne mi stemme, mine merkjesteinar å navigere etter, same kva slags musikalsk landskap eg plutseleg stod midt oppi, med ein meir og mindre atonal melodilinje, ein kompfigur, ei instrumental skyggelegging, eller brått med fiolinen, som eg eigentleg hadde lagt bort, på skuldra, på Blå.

​Turfølget var - i tillegg til supermakker Guro - lune, leikne og samtidig dønn seriøse karar av beste sort: Rob (Waring) og Rune (Klakegg), Christian (Jaksjø), Morten (Halle) og Torgrim, Knut (Ålefjær), Torstein (Lofthus) og Edvard (Askeland). Takk for alle slags bidrag til reinhekla moro, breiare kompetanse og kunstnerisk vidsyn! Søyr-erfaringane har snike seg med i det eg har skrive, forska på, undervist og sunge sidan, og ligg nok i lufta ein stad på rektorkontoret på NMH i dag.

Album Astrid Kvalbein har deltatt på