Hopp til hovedinnhold

Jan Andresen

1986 - 1989

Korleis eg – vegingeniøren med treblås som «tilleggsinstrument» - kom med i Søyr i 1986 kan eg jo lura på. Kanskje fordi Nils Jansen og eg feia gjennom Torgrim sine coole linjer i tett samspel på bass-saxofon og sopransax i eit verk framført med eit samansett Dølajazzorkester? Eller kanskje fordi ……… ? Men der sat vi då plutseleg skulder ved skulder nok ein gong iført eit arsenal av treblås, denne gongen i Søyr III, mange år etter at vi som ingeniørstudentar koste oss i S.Møllers storband i Trondheim. Som medlem av Trondheim saxofonkvartett overtalte John Pål Inderberg meg til å kjøpa meg ein barytonsax som no fekk nye mulegheiter. Og med inntoget i Søyr fekk eg også omsider det nødvendige puffet til å skaffa meg ein bassklarinett, med flotte linjer i Vidar Johansen sitt verk Rett ib nurb som godt minne. Vi var sikkert også eit visuelt bidrag i det interessante Søyr-landskapet – ikkje spesielt høge Nils på bass-sax og lange Jan på sopransax.

Søyr var for meg eit interessant og givande avbrekk i alt det daglege ved Oppland vegkontor. Samspelet med dyktige musikarar og den gode mottakinga med overnatting hjå trivelege bandmedlemmer for han som kom frå Lillehammer. Ny musikk med jazzfundament i interessant samspel der ein også fekk høve til å setja farge på verka med eigne improvisasjonar var inspirerande og noko eg gledde meg til. Dessverre måtte eg gi meg altfor tidleg, men med to små born i heimen var valet gitt.

Men inspirasjonen har halde stand og er følgt opp med eit stadig meir aktivt liv som jazzutøvar i Lillehammer-området og som komponist og arrangør for storband og mindre grupper. Så takk til Torgrim for anledningen!

Album Jan Andresen har deltatt på