Bilde

Guro Gravem Johansen

Eg er førsteamanuensis i musikkpedagogikk ved Norges Musikkhøgskole, og underviser i diverse jazzrelaterte og musikkpedagogiske fag. Eg er også forskar, og studerer læring og undervisningspraksisar innanfor jazz og improvisert musikk frå nybegynnarstadiet til høgare utdanning. Dette omfattar også jazzgehørtrening og øving innanfor jazz. Mellom anna har eg skreve boka Children’s guided participation in jazz improvisation, som handlar om Improbasen, ein undervisningspraksis skapt og dreve av Odd André Elveland. 

Som songar er det mainstream-tradisjonen som sitt i ryggraden min. Til dette føremålet har eg og Torgrim hatt kvartetten Crazy Moon i ei årrekke, som i tillegg til oss på trompet og vokal har hatt besetninga bass og gitar. Eg har også jobba med jazz-og folkemusikk-miks saman med Torgrim, med låter frå Østerdalen. Vi har gjort mykje av dette stoffet saman på duo, og jobba saman i Østerdalsmusikk-prosjektet som oppsto på nytt i regi av Musikk i Hedmark i 2012-2015. Dei seinare åra har eg sunge mest innanfor fritt improvisert musikk, i duo med den finsk-colombianske cellisten Sergio Castrillón, og saman med Glasgow Improvisers’ Orchestra. 

Eg har vore songar i Søyr frå 1999 og til orkesteret slutta å spele. Eg inntok songarrolla i orkesteret, noko eg gjorde saman med Astrid Kvalbein, med vissheit om den vokale arven i orkesteret etter Tove Karoline Knutsen, Elin Rosseland og Eldbjørg Raknes. Frå tidlegare hadde songarposisjonen i Søyr gjennom desse tre vore ein auge- og øyreopnar for meg. Instrumental-song og det å få synge saman med og inni eit band – i staden for å alltid måtte ligge på toppen eller på utsida som songar - var ein draumejobb, og mi viktigaste utdanning som musikar. Det handla ikkje minst om samarbeidet med Astrid, som er klassisk songar. Alt det vi fant ut av for å knekke samsyngingskoden med våre ulike bakgrunnar har eg hatt med meg sidan. (Men det kanskje aller største høgdepunktet for meg var det gjekk opp for meg at eg skulle få høve til å spele blokkfløyteduett med mitt bassblokkfløyte-idol frå ungdomstida, Rune Klakegg.)

Søyr, trur eg, har alltid fungert som eit praksisfellesskap, der folk med ulike mengde og type erfaring ristast saman og påverkar, former og lærer av kvarandre. Men i motsetnad til den typiske formen for praksisfellesskap (eller «apprenticeship») der «lærlingen» kopierer «mesteren» til sistnemnde gir sitt godkjendstempel, og gjennom det sosialiserast inn i tradisjonens reglar og dogmer, har det i Søyr vore eit poeng at dei unge og nye skulle utfordre dei meir erfarne. «Jeg nekter å fortelle dere hvordan låta mi skal spilles, det må vi finne ut sammen», var Torgrim sitt dogme for måten å leie eit orkester på. Å vere med i Søyr var ikkje friksjonsfritt, men definitivt formativt. Og ein fest å få vere med på. 

Medlemsår
1999 - 2006
Album